3. December 2009
DET LYSER I STILLE GRENDER
DET LYSER I STILLE GRENDER
Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng,
men englane song der ute på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by
den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny.

Bli den første til å kommentere
Bli den første til å kommentere!
Skriv en kommentar